Og når veret er fint, så er dalen ein av dei finaste plassane å vere - reine Paradis !
Her har vi parkert på Kilsti, og det er berre å ha på seg fjell-skona og legge i veg. Oppmed Kilsti-vatnet traff vi en bøling som var nede med vatnet og 'bada'.
Vi bruker å sei frå til Jon Inge når vi skal til dalen, og han hiv seg som regel med. Her er det kvilepause på Stien, før vi tek til på klatringa nedover. Anders nyt utsikta.
Etter frokost nyt vi sola på altanen. BK og Anders bestemmer seg for å gå ned til sjøen en tur. Dei hadde med fiskestong, fekk nokre fiskar - bra å ha med trillebåre med slepetau!
Så måtte det slåast litt gras - både med klippar og 'stuttørv'.
Så måtte vi fram til vatnet og sette garn, og prøve fiskelykka der. Det blei berre en liten pinne på stong, men garna gjorde god fangst.


Etter litt så var fiskane klar til å gjerast opp - og garna var greidd og klar til ny fangst.
Så er det klart for å starte på heimturen. ..blir nok et slit før vi er komne opp på Flåna, men det er ei trøyst at sekken er lettare no enn når vi kom !