måndag 5. april 2010

PÅSKA 2010

I år var det heime-påske for oss. Etter ei heseblesande periode fram mot skodespelet onsdagen i påskeveka, var det greitt å ikkje ha noke program for resten av påska. Men, det var flott ver, og det he blitt litt ute-aktiviteter kvar dag!

Vi har som påske-tradisjon å prøve å få til en tur til Rogneholmen. Dersom det er stor fjøre, kan vi gå over 'øyra'. Vi satsa på dette på SKJÆRTORSDAG. Iflg. Haramsnytt så var det fjøre kl. 19.40 - så då starta vi kl. 19.00 frå Knut-garden. Vi melda med div. folk, og fekk med oss en gjeng. Her er nokre av bilda vi tok på turen:

Fjøra var stor, så det gjekk an å gå. Det er ikkje det beste underlaget å gå på: runde, glatte steiner med tare over... men vi la i vei!


Her har vi komt så langt at vi er ferdig med 'tare-feltet', så då var det litt bedre å gå. Så var vi bortom saude-fjøsen som har stått i alle år... men no såg den veldig ver-sliten ut !



Her blir ulike funn studert ... Så et bilde av 'stonga' som he blitt nedrennt av noken.


Så litt svart-bakker og natur.... Før vi gjekk over øyra til Rogne igjen..
Vi kan ikkje bruke for lang tid på Rogneholmen, for tidevatnet venter ikkje .... men i år gjekk det greitt og vi blei i alle fall ikkje fole våte før vi kom til lands.

Så var det LANGFREDAG, og veret var godt brukande til tur! Vi inviterte Sigrun på tur og gjekk uti Gamle-urane.
.

Det var tørt og fint å gå - og øss hadde med appelsin, sida det var Påske!


Måse høyrer med - og stein!


Dessutan er dette havørna sitt rike - og her er den!


PÅSKEAFTAN blei det også en lufte-tur. Det var nydela ver på førmiddag, men då hadde øss div. som måtte gjerast, så det blei ikkje gått før utpå ettermiddagen. Då skya det over, så det var Brandalsryggen som var målet.
Men øss var ikkje heilt gåen - så øss satsa friskt vidare mot toppen.


Øss kom øss opp - men der oppe var det bitande kaldt... Så det var berre å skrive seg på boka og snu nedatt !


Bjørn Kåre har fotografert masse fuglar denne påska.. Her er en grågås-flokk på vei nordover (til Fjørtofta?)


Her har BK forsert en snøbre på vei oppover - og så utsikta innover til Brattvågen. Der var det lave skyer (nedbør kanskje..)


1. PÅSKEDAG kom Skøye-bygdarane utover. Veret var fortsatt fint - og Sigrun hadde ymta frampå om tur ut i Harams-fjøra. Vi slo til, og blei med.
.

Der ute var det utrulege område med rulle-stein.... (måtte sjølsagt skrive oss inn i boka..)


Utsikta mott Ulla-fyret. (Skal prøve å gå baksida frå Ulla til Haram ein anna gong)


Der var masse grotter og jettegryter over heile området. Og en stor skarve-koloni!
Det var første gongen vi var der ute -men en flott plass... Tek sikte på å ta turen igjen en fineversdag til sommaren - for å nyte solnedgangen!


Så vare påska snart over - men vi rakk en tur opp på Skulen 2. PÅSKEDAG !


Liv og Aud tek ei pause - må no bruke benkane som står der !

Her he øss komt opp på Brandalsryggen. Arvid er sta og studerer 'Julestjerna'. Imponerande størrelse synst han.


Aud og BK tok turen heilt til toppen. I dag var veret heilt flott - ikkje kanldt i alle fall.
Blei litt forkava med å kome oss nedatt ... hadde ikkje sett på klokka på ei stund.. og oppdaga at BK skulle snart vere på Framtun - må øve litt til reprisa på spelstykket på neste søndag !!
.. og då var påska over....