måndag 30. april 2007

Gullungane våre!!!


Rett som det er he øss besøk av barnebarna våre. Anna (6), Audun (7 mnd),Mari (3,5) og Torbjørn (3,5). Dei likar seg godt her med øss, og det er bra. Øss finn på mykje kjekt i lag, og er mykje ute. Med leik i Hundremeterskogen, tur i fjøra, eller jobbing i hagen, blir det nokre skitne ungar. Då er det stor stas å få prøve det nye boble-badekaret vårt. Her er dei alle fire. Ein fin gjeng ikkje sant!!!?

måndag 23. april 2007

Fotaballkamp på Color Line Åleseund - Fredrikstad


22. april var vi saman med nokre slektningar frå Fredrikstad. Dei tok turen (140 mil med buss!!!!) for å sjå ÅFK spele fotball. Det gjekk ikkje so bra, med ÅFK also. Dei tapte 2 poeng". ( Det gjorde Fredrikstad og)
Vi hadde ei trivelig helg. Her er nokre bilde som talar for seg.

Knut Erik, Bjørn Kåre, Svein Ove

Aud, Tove, Wenche


Trine og Joacim


Vi måtte ha en søndagstur for å lade opp til kampen