fredag 10. april 2009

GRILLFEST I 100-METER SKOGEN !

Laurdags ettermiddagen blei det flott ver, og då frista det til ute-aktiviteter..
Vi har ein 100-meter skog tett attmed huset vårt, og der er det flott å vere. Audun liker godt å brenne bål, så då var det grilling som var tingen.
Her er nokre bilde frå hendinga !


Julianne og Audun ordna med bålet. Audun, Torbjørn og Mari et vente-mat (harde-vaffler som dei fekk med oldemor)
Her har vi fått full fyr på bålet og pølsene på spidd. Anna og Torbjørn griller syri-gras ... kjempegodt i følge dei...
Oldefar og oldemor måtte kome og få pølser, sjølsagt. Her er oversikts-bilde, og som du ser treng ein ikkje å fare så langt for å ha det kjekt !