søndag 5. desember 2010

FIN JULI-KVELD UTE PÅ SKARVENESET !

Vi hadde en fin og kjekk tur uti urane i slutten av juli, og her er nokre av bilda vi tok då. No e det snø-kave ute, så då er det kjekt å site inne i varmen og kike på sommer-bilde:


Skøyegjengen var på øyatur, og dei stiller alltid opp når det er snakk om utflukt. Ikkje tung å be noken av dei andre heller, altså. Her er vi på veg med fiskestang og diverse anne. Det var stor fjøre, og fisken Øystein fekk hadde ''skjegg'.

Anna og Mari fekk også fisk - og laga seg akvarium i ein liten dam.

Fiskane blei større etter kvart, det kom en makrell-stim forbi. Men denne skapningen hadde nok vore for lenge på land.. Aud og Mari fann den då dei skulle stad og finne ved til bålet....

Arvid måtte til å smie pinnar slik at vi fekk grille pølsene. Vi hadde med kaffikjelen og kokte bål-kaffi, og nydregen fisk stod også på menyen - og så er heile gjengen klar for mat.

Vi hadde det fole kjekt, og då gjeng tida fort. Så klokka vart over 11 før vi kom heimatt. Det var litt skyer, så vi fekk berre 'nesten' kveldssola !
Kjekk tur.