måndag 27. desember 2010

TUR TIL VERPESDALEN 13-15. AUGUST 2010

Bilde frå ein fantasktisk tur til Verpesdalen i august. Vi hadde blinka ut helga, og invitert Anders med oss. Han hadde bursdag på denne tida, så dette var bursdagsgåva hans! Og gåva likte han (sa i alle fall det !).
Og når veret er fint, så er dalen ein av dei finaste plassane å vere - reine Paradis !

Her har vi parkert på Kilsti, og det er berre å ha på seg fjell-skona og legge i veg. Oppmed Kilsti-vatnet traff vi en bøling som var nede med vatnet og 'bada'.

Vi bruker å sei frå til Jon Inge når vi skal til dalen, og han hiv seg som regel med. Her er det kvilepause på Stien, før vi tek til på klatringa nedover. Anders nyt utsikta.


LAURDAGEN:
Etter frokost nyt vi sola på altanen. BK og Anders bestemmer seg for å gå ned til sjøen en tur. Dei hadde med fiskestong, fekk nokre fiskar - bra å ha med trillebåre med slepetau!

Så måtte det slåast litt gras - både med klippar og 'stuttørv'.

Og her e to morogutar.. frå Kina eller ??

Så måtte vi fram til vatnet og sette garn, og prøve fiskelykka der. Det blei berre en liten pinne på stong, men garna gjorde god fangst.

Etter litt så var fiskane klar til å gjerast opp - og garna var greidd og klar til ny fangst.


I solveggen på kvernhuset, er staden for å gjere opp fisk.



SØNDAG:
Så er det klart for å starte på heimturen. ..blir nok et slit før vi er komne opp på Flåna, men det er ei trøyst at sekken er lettare no enn når vi kom !

Her er vi i råsa opp gjennom skogen - og så utsikta frå kante. Blåhornet fremst i dalen. Kjempefin tur !

FINE FARGAR I NATUREN

Nokre bilde tatt i Verpesdalen - av fargeprakta på markane og i skogen !



søndag 5. desember 2010

FIN JULI-KVELD UTE PÅ SKARVENESET !

Vi hadde en fin og kjekk tur uti urane i slutten av juli, og her er nokre av bilda vi tok då. No e det snø-kave ute, så då er det kjekt å site inne i varmen og kike på sommer-bilde:


Skøyegjengen var på øyatur, og dei stiller alltid opp når det er snakk om utflukt. Ikkje tung å be noken av dei andre heller, altså. Her er vi på veg med fiskestang og diverse anne. Det var stor fjøre, og fisken Øystein fekk hadde ''skjegg'.

Anna og Mari fekk også fisk - og laga seg akvarium i ein liten dam.

Fiskane blei større etter kvart, det kom en makrell-stim forbi. Men denne skapningen hadde nok vore for lenge på land.. Aud og Mari fann den då dei skulle stad og finne ved til bålet....

Arvid måtte til å smie pinnar slik at vi fekk grille pølsene. Vi hadde med kaffikjelen og kokte bål-kaffi, og nydregen fisk stod også på menyen - og så er heile gjengen klar for mat.

Vi hadde det fole kjekt, og då gjeng tida fort. Så klokka vart over 11 før vi kom heimatt. Det var litt skyer, så vi fekk berre 'nesten' kveldssola !
Kjekk tur.