fredag 11. juni 2010

FERIETUR TIL KRETA 8.-15. MAI

Ein kald søndags ettermiddag i vinter då vi hadde besøk ta 'alle', kom det på snakk om 'syden'. Det balla på seg, og til slutt hadde vi bestilt oss ein vekes tur til Kreta, 8.-15. mai. Det var langt opp og fram, men til slutt kom dagen då vi reiste.
Vi reiste med Apollo, og hadde bestilt 3 leiligheiter på et hotell som heiter "SUMMER DREAM" i Rethymnon. Det viste seg å vere midt i blinken for både unge og gamle! Og dette hotellet kan trygt anbefalast. Berre sjå på bilda:

Her er et bilde frå basseng-området. Vi 'gamle' budde i ei lita leiligheit i 2. etasje (opp trappa under parasollen til høgre). Dei andre hadde kvar si leiligheit i første etasje - Julianne & co. hadde den bak den oppslåtte parasollen.


Om dagane heldt øss tej attmed bassenget - og det var fole kjekt for alle !


Etter kvart blei det anskaffa diverse 'dyr' - Audun lånte litt, og fekk reine krokodillefarmen til slutt!

Mari lærte å symje etter et par dager.... Og midt på dag var det godt å gå til dekka bord under en parasoll !




På kveldstid gjekk vi 'på byen' og kjøpte oss middag - og sjølsagt is til dessert etterpå + et slag med Uno. God ide !



Argaste plassen vi var på var restauranten til Manolis. Der var det fantastisk mat - og ungane fekk spesial-oppvartning: T-skjorter til alle ! Det var like bra som is, sa dei.
Manolis var forresten en artig skrue - mykje større bart enn Bjørn Kåre, i alle fall!


Vi hadde ein dag med overskya (i alle fall litt av dagen). Då rusla vi inn til sentrum. Der var forskjellig å sjå, bl. anna ei sjørøvar-skute. Audun sønst at den var kul.
Ei veke gjekk fole fort. Vi rakk egentlig ikkje å gjere so fole mykje anna enn å bade og sole oss - og slappe av. Men Kreta var en grei plass - ikkje dyrt heller!
So bestemor og bestefar hadde det i alle fall fole kjekt - og tek gjerne ny tur i lag med samme gjengen en anna gong!