tysdag 18. august 2009

ÅRETS FOCA-TUR !

Tradisjonen tru, så reiser vi til Foca i sommerferien. Første gongen vi var der var i 1990, og med et par unnatak, så har vi vør der kvart år sidan.

Her er et knippe av årets bilde:




Her er utsikta frå hotellrommet. I løpet av vinteren har dei laga til (ikkje heilt ferdig endå) ny hamn der dei 'store' fiskebåtane skal ligge. No har dei kai-plass inne i byen, og det blir mykje støy og rot - og katter som samler seg. So det skal dei no endre på.
Så er det bilde av Sigrun og Aud framfor statua av dei to selane. Byen har namnet sitt etter sel (som heiter foc på tyrkisk).



Så må vi ha med nokre strand-bilde. Vi var trottige på disse sol-sengane... Men det blei bading mæ!! Aud imponerte med å symje kjempelangt utover (der var mange meter djupt iflg. Sigrun). Det gjekk bra heilt til ho plutselig var i nærkontaktmed ein kjempestor manet. Då fekk ho skrekken - og heldt seg innpå grunna etter det..

Aud åt veldig sunn lunsj - salat kvar dag. Fint tillaga - eller ?? (må tilstå at kokken er en gammal kjenning !)
Må ha litt kvelds-stemning mæ !!

Her er vi nemlig sta og feirer bursdagen til Sigrun. Vi hadde ikkje bestilt kake - men gjengen på restauranten ordna med honningmelon, fylt med ulike frukter, og pynta med sjokoladesaus, fløyte og stjerneskudd ! Det var god knall.
Så nokre gode kompisar: Bülent, Yilmas, Aud, BK og Sabri - kjekk gjeng !

Så er heimreise dagen komen. Vi var stad og åt pide og drakk Efes pils. Kjempegod kombinasjon.
Etterpå gjekk øss ned i fjørå og skulle kjøle ned føtene - men vatnet var så varmt at det hadde ikkje noken effekt !



Her er et bilde vi tok då vi kjørte gjennom Izmir. Dei held på å bygg ei kjempestor statue av han Mustafa Kemal Atatürk - sikkert 20 meter høg!
En 14 dagers ferie gjeng fort. Vi hadde det stilt og roleg på stranda om dagane. Sola oss og høyrte på musikk, las bøker eller hadde spørrekonkurranse (Sigrun og Aud er utruleg god i geografi!!). Om kveldane gjekk vi inn til byen og åt middag - og rølte med gamle og nye venner. Kjempe-kjekk ferie !!

HER E HAN PETTER

Den 14. juli blei øss besteforeldre igjen. Det var Marion og Øystein som fekk seg en gut. Dei he 2 jente frå før - so en gut passa bra. Her e nokre bilde:


Her e bilde frå fødehjemmet - ser ut som han smiler og vinker mens han søv. Og so dei to krye storesøstrene !!

So har det gått nokre dager, og oldeforedra er på besøk. Så her er han store-Petter og han lille-Petter på fanget til ho oldemor.