søndag 24. august 2008

SØNDAGSTUR PÅ GAMLEMSVETEN

Søndag 24. august arrangerte God Helse Haram og Nordborg IL tur til Gamlemsveten. Øss 'inviterte' heile familien til å vere med. Og dei som ikkje hadde gyldig grunn stillte. Julianne skulle hjelpe til i barnedåp, Mari skulle i bursdags-selskap (så ho kunne sjølsagt ikkje), Marion måtte vere heime med Mari (og skulle hjelpe Julianne litt..) og Øystein skulle trene sykkel til Birken neste helg. Men øss andre la i vei ...


Når en skal ut på tur må sjølsagt Kvikk Lunsjen vere med .. Her har Anna, Torbjørn og Audun gjort seg klar til et lite måltid.

Det var mykje god bær langsmed veien oppover, og blåbæra gjekk ned på høgkant. Det var forresten Kristian som var trottigast å stoppe for å plukke bær ..

Øss måtte nå prøve benkane som var oppsett - her nyt vi utsikta sørover mot byen.

Her er Åkre-karane i flott stil oppover. Alle misunte Audun som fekk site i vogna oppover dei brattaste bakkane.

Og her e målet innan rekkevidde.. Vi ser så vidt atti Torbjørn og Anna der dei spurter oppover siste kneika.  Om å gjere å bli før dei vaksne ...

Oppå toppen var det flott utsikt i alle retninger, og i alle fall heimatt.

Her var og masse folk som hadde tatt turen. Vi sjekka antallet før vi gjekk nedover igjen, og då var det ca. 160 som var registrert. Her er fleire øyinga som har tatt turen, bl.a. Sindre Rogne + systra Valborg og mannen (frå Godøya).

Anna fekk låne kameraet, og tok bilde oppmed varden av Kristian, Audun, Aud og Bjørn Kåre. Torbjørn er i bakgrunnen og skal utforske steinura!

En kjempeflott tur - takk for turen alle sammen!