torsdag 17. desember 2009

HARAM KOMMUNE SIN KULTURPRIS 2009

I dag har Bjørn Kåre fått tildelt Haram Kommune sin kulturpris for 2009.
Den høgtidlege tildelinga skjedde under kommunestyremøtet på Ingebrigt Davik huset. Han fekk prisen først og fremst for si lange 'karriere' med teaterarbeidet i ungdomslaget. Han starta i 1972 i spelstykket 'Kålrot er godt', og har sidan den tid vør med i over 20 spelstykke. Men det er ikkje berre på teaterfronten han he vør aktiv. Han var med og starta Brattvåg handball-klubb tidleg på 70-talet, he sykla Trondheim-Oslo 10 ganger, he spela fotball, he vør trener for yngres .. og sånn.
Leiaren i kulturutvalet hadde snakka med ulike medspelarar på teaterfronten, og det blei mykje skryte-ord. Ungdommen synst han var tøff og flink, trass i alderen! Så då so!
Men at prisen var velfortent, er det vel ingen tvil om.


Her har ordførar Bjørn Sandnes overrekt diplom, blomar og en sjekk på kr 15.000,-


Og her blir den flotte diplomen studert..


.. skal nesten tru at det er ein konspirasjon på gang.. Bjørn Kåre og leiaren i kulturutvalet,Kari-Elin Korsnes Hildre, utvekslar kommentarer?


I år vart det for første gong utdelt ein ungdommens kulturpris. Den var det Marit Krogsæter som fekk. Ho er ei allsidig jente som driv med sport, spelar fele og ulike andre instrument, og er aktiv i ungdomslaget på Vatne. Ein flott representant for ungdommen i kommuna!