fredag 10. juli 2009

JONSOKFEIRING 2

I ungdomslaget FRAM er det ein årviss tradisjon å lage til jonsokfest. I år var festen på fredag den 26. juni. Det var barnegruppa som synte et stykke som heiter 'Bergtekne i Dovregubbens hall'. Heile 35 unga i alderen 6-13 var med i år - og resutatet var heilt fantastisk !
Her er nokre bilde frå den flotte framsyninga - som har fått mykje skryt for både kulisser, kostymer, seneutstyr, lyssetting og ungane sine prestasjoner.



Her ser vi trollflokken, og to 'menneskebarn' som møter skognissane.


Her ser vi menneskebarna som er fanga i buret - nokre ekte, tøffe 'rocke-troll'.


Så har vi dei snille skognissane, og trollflokken og huldra og trolkjerringa som rører i gryta si.


Her har vi brudeparet på sena, og alle ungane syng den flotte 'jonsok-songen' som Elias S. Rogne skreiv til barnegruppa for mange, mange år sidan.


Så har vi graut-kokarane, som syter for god og varm graut til alle som vil. Og som vi ser av bildet, så var huset fullt. Det var og tombola, og gevinstane var mange, så her var det berre å prøve lykken ..


Det er ikkje rett jonsokfest utan bål, og har det fatna kraftig i !


Det er heller ikkje rett jonsokfest utan brudepar. Og i år var det Mari og Torbjørn sin tur. Dei var kjempefine!
På bildet av Audun ser vi at sjølv om bålet varma, så var det ikkje nok til å jage vekk knotten. Audun er tydeleg plaga !
Og så synst eg at dette bildet at onkel Einar var flott ! Jonsokfest er både for unge og gamle.

torsdag 9. juli 2009

JONSOKFEIRING 1

På Jonsokaftan må det vere rjømegraut - så i år tok vi turen til Sjøbuda på Haramsøya. Der var det rjømegraut å få kjøpt, og høve til grilling for den som ville det.
Veret var fint (sjøl om det var litt kjølig...), og borda ute var koselig pynta med markblomster.

Her varter Kristian opp med graut og sjølsagt rosiner på. Torbjørn slikker seg rundt munnen og berre gler seg på graut.

Etter kvart vart det delt ut ark med konkurranse til kvart bord. Og som bilda viser så var det djup konsentrasjon over heile linja.

Disse to-karane la virkela sjæla si i å finne ut av rebusane ... Mens Audun og Mathea konsentrerte seg om isane sine !

Kjekk kveld!

onsdag 8. juli 2009

'SNARTUR' TIL KEMER, TYRKIA

1. juni reiste Aud, Liv og Marita på ei vekes ferietur til Kemer i Tyrkia. Ingen av oss hadde vør de r før, så vi var litt spent på korleis der var. Vi kom fort til at vi hadde vør heldig, både med hotellet - og det viktigaste: veret !
Vi hadde fint og varmt ver heile veka. I tillegg fekk vi vite at vi bodde på et 'all inclusive' hotell, så all mat og drikke var betalt for ! Og det var no fole greitt !
Så dagane gjekk i grunnen med til soling, bading og eting.. frokost, lunsj, kaffi og middag.
Om kveldane gjekk vi på shopping .. måtte no får brukt noke lire mæ..



Her sit Marita og Liv og venta på maten .... Så et bilde av 'reiret' vårt på dagtid.



Liv og Aud med hotellet i bakgrunnen. Her er Marita og Aud på tur i parken.



Her er vi på skinnbutikk. Der blei vi servert drikke, som dei greidde å søle utover Liv... Heldigvis har ho masse humor og såg det morsomme i det
Det andre bildet er av en kar som sat og laga motiv av farga sand inn i små flasker. Stilig !


Her er vi på besøk hos Muhsin og familien hans. Muhsin kjenner vi frå 'gamle dager' i Foca. (Muhsin: Thanks for your hospitality !)
Så et situasjonsbilde frå pakkinga siste kvelden .. Utrulig nok så fekk vi alt opp i kuffertane, og greidde å bere dei sjøl.
:-)
Fole kjekt med en sånn tur.. Trur vi må gjenta det ein anna gong mæ !