fredag 10. april 2009

GRILLFEST I 100-METER SKOGEN !

Laurdags ettermiddagen blei det flott ver, og då frista det til ute-aktiviteter..
Vi har ein 100-meter skog tett attmed huset vårt, og der er det flott å vere. Audun liker godt å brenne bål, så då var det grilling som var tingen.
Her er nokre bilde frå hendinga !


Julianne og Audun ordna med bålet. Audun, Torbjørn og Mari et vente-mat (harde-vaffler som dei fekk med oldemor)
Her har vi fått full fyr på bålet og pølsene på spidd. Anna og Torbjørn griller syri-gras ... kjempegodt i følge dei...
Oldefar og oldemor måtte kome og få pølser, sjølsagt. Her er oversikts-bilde, og som du ser treng ein ikkje å fare så langt for å ha det kjekt !

torsdag 9. april 2009

Påsketur til Verpesdalen

Då er vi på påsketur i Verpesdalen. No er det fyr i ovnen og varmt og godt. Då vi kom opp tidlegare i dag vart vi møtt av ein liten krabat. Ei lita snømus var travelt opptatt med middagsmaten. Ei markmus måtte bøte med livet.

Ellers er det lite snøv her oppe i år. Våren er i anmars, fuglane kvitrar og elva susar.Med på turen er Svein Ove, Jon Inge og Bjørn Kåre.


Her er båten som frakta oss ut i støa. Då va det berre å starte oppstigninga til dalen.
Oppover vegane hadde vinteren sett sine tydelige spor.


Det er ikkje mykje snøv i år, men litt snømøking måtte til.
Isen på Verpesdalsvatnet måtte testast. .Jon Inge måtte sjølvsagt ut på å prøve
........... og det gjekk bra. Då har han lova at det vert isfiske i morgon og middagen er sikra!!!!



















Eg fann ut at det va tryggast på land


Ute på hammaren har vi god utsikt. Bak furå, midt på bilde, ser vi Ospahjellneset. Svein Ove tok bilde av husa gjennom fuglekikkerten. Resultatet vart ganske bra! Norleif Aspehjell sit på trappa med kikkerten.
Vi måtte jobbe for maten og rydde skog. Det er meir att, vi tok ikkje alt!