onsdag 25. november 2009

BARNEDÅPEN TIL PETTER

På søndag 22. nov. vart han Petter døypt i Haram Kyrkje. Her er nokre bilde frå dåpen i den flotte kyrkja!




Her er frå sjølve dåpen, der Mari fekk æra av å tørke vekk vatnet.. Så er det av Øystein, Marion, Petter, Anna og Mari. Og så av presten, alle fadderane, og søskenbarna..



Etter kyrkja var det middag og kaffi i kantina på Peilo. Her er den fine og gode kaka, med bilde av dåpsbarnet ... og så litt meir kaker og gjester.




Petter og Mari


Her er ungeflokken samla: Aurora, Emma Sofie, Anna, Petter (i stolen), Audun (bak stolen), Torbjørn og Mari. Fin gjeng !




Og så 'den eldre garde', oldefar og oldemor -- og øss sjøle (bestemor og bestefar) !

tysdag 24. november 2009

TAREMAREBY

Fredag den 13. november var det duka for Taremareby-forestilling på ID-huset i Brattvåg. Det var bestemor og firer-banden som tok laust. Alle dei andre var forkava med andre ting, og det kan dei no angre på ... For det var ei fole bra forestilling...




Her er gjengen ombord i ferja, litt spent ..



Før forestillinga hadde vi litt tid. Då var vi sta og såg på utstillingane av Taremareby-ting som barnehagane og skulane i kommuna hadde laga. Trur dei oppdaga kjente ting ... Mykje fint var der i alle fall.




Her sit vi spent og venter på at framsynings skal starte:

Det vart ein kjekk og spennande opplevelse. Alle sat og følgde med på det som føregjekk på sena. Det som var tøffast, var når sverdfisken slost med han krabbe Krølle. Det kulaste var Måne-fisken, synst øss - for han sa berre ja! Og so var der no flott sang og musikk mæ ! So ditta var full klaff!