Dit kom Andreas med båt, og så var det full fart over fjorden.
Her det Verpesdalen oppi fjellsida rett forut. Og bak oss er Overånes-kaia. Der var forresten masse folk, bo-bilar og telt.
Her he øss komt i land og venter på at karane skulle belegge båten. Så lesste dei sekkane opp i tau-bana, og så var det berre å starte på turen oppover. Audun var heldig og fekk site på skuldrane til onkel Andreas ! Flott utsikt innover mot Valldalen.
Etter ein liten times gange, så var alle samen komne til gards. Varmt og fint, så det var berre å kaste skjorta! Gutane måtte borti elva og drikke vatn !
Bestefar fortel Torbjørn historier (skrøner) frå 'gamle dager'. Audun føl spent med når bestefar køyrer opp taubana..
Her er gutane utpå Hammaren og nyt utsikta (bratt utfor der, ja!). Så var det sta og grave etter makk - for fiskelykka måtte prøvast.
Så er vi komne fram på vatnet. Der er to små båtar - og det passa bra. Fiskelykka var det berre så som så med.....
Etterpå fekk vi fyr på grillen. Pølser, heimelaga kjøtkaker og kræ som dei drog om morgonen.
Kjempegodt. Audun var svolten og åt med god apetitt.
Så var det på tide å starte på heimvegen for dei som skulle til Fjørå. Fann ut at det var best å ha gutane i tau på vegane nedover til sjøen.
Aud vart att til dagen etter. Vi sat utpå Hammaren og følgde med gjengen då dei for over fjorden til Overåneset. Det var ut-røne, så dei fekk vaska seg litt.
Måndagen før vi reiste heim, tok Bjørn Kåre ned det analoge bakke-nettet i dalen... Så tok vi fatt på heimveg over Flåna.