fredag 20. august 2010

SØNDAGSTUR I JUNI !

Ein søndag i juni spurte Øystein, Mari og Petter om vi ville vere med en tur til Atlanterhavsparken i Ålesund.
Det ville vi - for der hadde vi nemleg ikkje vør før.


Her er vi utanfor - stort og fint område.

Inne var der utruleg mange stygge - og fine fiskar. Steinbiten er vel den som ser skumlast ut, og dei fargerike 'småfiskane' er flott å sjå på.


I den store tanken - husker ikkje kor mange millionar liter sjøvatn som var i den.... heldt dei store fiskane + dykkaren til. Vi var der når det var mating - og fekk sjå at både steinbit og stor-kveitene åt mat frå handa til dykkaren.

Min favoritt vart skatene! Dei såg så søt og blid ut frå undersida ! Her er ei av dei store som var i store-tanken. På andre bildet prøver Mari å klappe ei lita skate - dei var fole tam.

E'kje øss søt vel ??

Så hadde vi gått gjennom heile anlegget, og var komne ut på baksida. Måtte ha øss noke å bite i før vi skulle sjå at pingvinane blei mata.

Her er det mating - sjølsagt hadde mat-faren på seg smoking slik at han stod i stil!

Kjekk tur - vi brukte heile dagen ! Forresten, imponerande anlegg dei har fått til.

Ingen kommentarer: