tysdag 12. januar 2010

Barnedåpen til Live

Søndag 10. januar vart Live døypt i Haram Kyrkje. Det var aldeles nydeleg vinterver, bitande kaldt, men sol frå sky-fri himmel.


Her blir Live døypt, og Audun står klar med kluten og skal tørke vatnet av hovudet etterpå.
Presten bruker å løfte opp barna etterpå, slik at alle i kyrkja skal få sjå den ny-døypte. Alle føl godt med..


Her er oppstillings-bilde, av heile familien Høistad Aakre. Og so et av foreldre, søsken og faddera.



Etter kyrkja køyrde vi bort til Framtun, der det var selskap. Her er bilde av den flotte melonen som Majura har skore ut - ho er reine kunstnaren ! Og so kaka med bilde av Live.


Her har vi benka oss rundt matbordet - det var masse godt! Og so et bilde av Svein og Marita (som var fadder) og ho Live !
Takk for ein fin dag og et koseleg selskap!

SKI-DAG

Laurdag 9. januar arrangerte Nordøy IL ski-dag. Ikkje ofte at det ligg sopass med snø at en kan gjere noke sånt. Og då er det fole kjekt at også ver-gudane spelar på lag!
I alle fall var det nokre som var heldig og fekk delta. Berre sjå på bilda som bestefar tok:


Audun med start-nr. 153 i god driv! Så har gjengen komt i mål, og då er det tid for forfriskningar. Kristian bruker å ha litt av kvart i sekken sin..


Her har Mari og Anna sett seg godt til rette i snøbreen og et pølse med brød.


Her er det Audun som får livretten, pølse med brød. Og Torbjørn måtte sjølsagt prøve klatrestativet !
Det var en fole kjekk dag - for ungane i alle fall. Kristian og bestefar var nemleg dårleg skodd og fekk naglebet på tærne (huff) !!