fredag 10. juli 2009

JONSOKFEIRING 2

I ungdomslaget FRAM er det ein årviss tradisjon å lage til jonsokfest. I år var festen på fredag den 26. juni. Det var barnegruppa som synte et stykke som heiter 'Bergtekne i Dovregubbens hall'. Heile 35 unga i alderen 6-13 var med i år - og resutatet var heilt fantastisk !
Her er nokre bilde frå den flotte framsyninga - som har fått mykje skryt for både kulisser, kostymer, seneutstyr, lyssetting og ungane sine prestasjoner.



Her ser vi trollflokken, og to 'menneskebarn' som møter skognissane.


Her ser vi menneskebarna som er fanga i buret - nokre ekte, tøffe 'rocke-troll'.


Så har vi dei snille skognissane, og trollflokken og huldra og trolkjerringa som rører i gryta si.


Her har vi brudeparet på sena, og alle ungane syng den flotte 'jonsok-songen' som Elias S. Rogne skreiv til barnegruppa for mange, mange år sidan.


Så har vi graut-kokarane, som syter for god og varm graut til alle som vil. Og som vi ser av bildet, så var huset fullt. Det var og tombola, og gevinstane var mange, så her var det berre å prøve lykken ..


Det er ikkje rett jonsokfest utan bål, og har det fatna kraftig i !


Det er heller ikkje rett jonsokfest utan brudepar. Og i år var det Mari og Torbjørn sin tur. Dei var kjempefine!
På bildet av Audun ser vi at sjølv om bålet varma, så var det ikkje nok til å jage vekk knotten. Audun er tydeleg plaga !
Og så synst eg at dette bildet at onkel Einar var flott ! Jonsokfest er både for unge og gamle.