onsdag 21. april 2010

SAFARI I ROGNE-MYRANE !

Søndag 18. april såg ut for å bli en fin dag, i alle fall tidleg om morgonen. Men, vi hadde berre så vidt fått i oss frokosten, så starta det å snøve. Vi venta og venta på det skulle lette opp - men den gang ei!
Så då var det ikkje anna råd enn å kle godt på seg, og gå ut. I myrane nedanfor huset vårt er det massevis av måser, og litt grågås. Vi fann då på at vi skulle gå og sjå om fuglane hadde starta å legge egg.
Bstemor og bestefar sammen med Anna, Mari, Torbjørn, Audun, Øystein og Julianne kledde godt på seg og la i vei.


Her går vi nedover Jon-veien, før vi starta på myrane. Øystein og gjengen lurte seg bortunder et tre for å spionere på måsane ..

Audun synst det var kjekkast å site på skuldrane til onkel Øystein.. Vanskeleg å gå i myrane med korte fotar!
.


Vi fann mange reir..med snøv i - men ingen egg. Men vi greidde i alle fall å få måsane på vingane. Dei 'bråka' fælt, og dukka ned på oss!



Men til slutt fann vi egg likevel - froske-egg! Øystein tok opp ein klase med egg, så Audun fekk studere på nært..
.

Så var vi komne tilbake til utgangspunktet igjen. Det var ein frisk tur, kjekt å vere ute når en er godt kledd. Takk for turen.