søndag 21. september 2008

FEIRINGER !

Den 21. september he øss mange hendinger å feire her i familien:


Mari var 5 år i dag.  Ho hadde barneselskap uti gapahuken.  
Der var det 13 unga (ca.) og nokre foreldre- og ej trur jammen at dei fekk besøk av et skog-troll mæ!
Etter barneselskapet var det selskap heime hos bestemor og bestefar.  Dei har nemla bryllupsdag i dag - vør gift i 34 år (til no!)
Og so he Marion og Øystein mæ bryllupsdag i dag - so då var det feiring for dei mæ!
Øss var nesten fulltallig - berre Kristian mangla.  Han hadde lovlig forfall - omgangssykje!


onsdag 17. september 2008

GUTE-TUR

Gute-tur til Verpesdalen



Når Aud var på jente-tur måtte eg på gute-tur. Eg og Svein Ove (broder`n) og Jon Inge Verpesesdal (søskenbarn) tok oss ei helg i Verpesdalen.
Kjempever og bilda talar for seg.

Dette er Verpesdalen på sitt beste


Nydeleg god kirsebær


Litt arbeid hadde vi. .

Vinterveden måtte i hus


Litt fisking for å sikre søndagsmiddagen



Søndagsmiddagen er sikra!






tysdag 16. september 2008

JENTE-TUR

Lang-helg i Riga, Latvia, 11-14. september.  Aud og fem kollegaer frå jobb bestemte seg for å ta litt fri og tok seg en liten tur til utlandet! Direkteflyet frå Vigra var fole greitt å slenge seg med på.
Første dagen tok vi sightseeing-buss og fekk sjå mykje av byen - forklaring på kva vi såg fekk vi via øyrepropper og den var på svensk.  Turen tok en time.

Mykje selgera/boder rundt om i gatene. Det var litt små-kaldt, så her studerer Elin, Hilde og Lisbeth votter.  Trur det blei handel mæ!  

Mat måtte øss sjølsagt ha!  Prøvde øss på ulike typer tradisjonell kost - og det var både meir og mindre vellykka.  Rundt bordet: Gerd, Oddhild, Hilde, Aud og Lisbeth.
Trur det var her vi ladda opp til spa-behandlinga....

Det var mange praktfulle kykjer i byen.  Her er den største (og finaste) vi var inne i. Det var den ortodokse katedralen.

Her er den største altertavla inne i katedralen.  Det var egentlig forbudt å ta bilde inne, dessuten føregjekk det ei messe borti en krok.  Det var en prest som sang/messa og gjengen som stod rundt kora.  Fole stemningsfullt.

Her er Hilde, Lisbeth, Oddhild, Elin og Gerd i ein av dei mange fine parkane som var i byen.

Her er gjengen på flyplassen på veg heimatt.  Alle var enig om at dette hadde vør en alle tiders tur... og neste tur blir allereie planlagt !

torsdag 4. september 2008

TUR TIL ULLA OG ULLAFYRET

Søndag 31. august hadde God Helse Haram ny tur, denne gongen i samarbeid med Haramsøy Indrettslag - og turen gjekk til Ulla.  Sidan veret var kjempeflott, måtte øss berre ta øss en tur.
Mari og bestemor køyrde til Ullaholmen, der vi møtte Audun, Torbjørn, Julianne og Kristian -- og så gjekk vi derifrå.


Det var registrering og mat-salg attmed redskapshuset til Ingelsrud, og der hadde øss et opphald!  Her he Audun, Torbjørn og Mari sikra seg sjokoladekake (må lage litt grimaser til ære for fotografen).

Øss måtte sjølsagt en tur bortom fyret.  I bakgrunnen sjekker Mari og Torbjørn om der er noken innom gjæret på fyret! 




Bakom en stein var der plutselig 3 skumle typer - som laga skummel lyd !


Så måtte øss i fjøra og leite krabber -  og det fann øss.  Krabben til Mari var kjekk - heilt til den beit !  Då fekk Torbjørn beskjed om å kaste den på sjøen.



Då øss kom nesten bortatt til bilane, fann øss en enslig høyskafta støvel. Mari synst den var interessant - men Torbjørn var berre opptatt av å kome seg over bru-kanten.  Han greidde det heldigvis ikkje.
Så var vi ferdig med nok en kjekk søndagstur.

Då var det berre å fare heimatt og sjå om han Bjørn Kåre fortsatt var oppå stillaset, og hadde fått snikra noke meir på altanen.  Han var fole forkava og hadde ikkje tida å vere med på tur.