tysdag 16. september 2008

JENTE-TUR

Lang-helg i Riga, Latvia, 11-14. september.  Aud og fem kollegaer frå jobb bestemte seg for å ta litt fri og tok seg en liten tur til utlandet! Direkteflyet frå Vigra var fole greitt å slenge seg med på.
Første dagen tok vi sightseeing-buss og fekk sjå mykje av byen - forklaring på kva vi såg fekk vi via øyrepropper og den var på svensk.  Turen tok en time.

Mykje selgera/boder rundt om i gatene. Det var litt små-kaldt, så her studerer Elin, Hilde og Lisbeth votter.  Trur det blei handel mæ!  

Mat måtte øss sjølsagt ha!  Prøvde øss på ulike typer tradisjonell kost - og det var både meir og mindre vellykka.  Rundt bordet: Gerd, Oddhild, Hilde, Aud og Lisbeth.
Trur det var her vi ladda opp til spa-behandlinga....

Det var mange praktfulle kykjer i byen.  Her er den største (og finaste) vi var inne i. Det var den ortodokse katedralen.

Her er den største altertavla inne i katedralen.  Det var egentlig forbudt å ta bilde inne, dessuten føregjekk det ei messe borti en krok.  Det var en prest som sang/messa og gjengen som stod rundt kora.  Fole stemningsfullt.

Her er Hilde, Lisbeth, Oddhild, Elin og Gerd i ein av dei mange fine parkane som var i byen.

Her er gjengen på flyplassen på veg heimatt.  Alle var enig om at dette hadde vør en alle tiders tur... og neste tur blir allereie planlagt !

3 kommentarer:

Familien Høistad Aakre. sa...

Fine bilder! Såg ut som dåkke hadde det kjempekjekt! Det gjer seg med en slik tur innimyllå.

Anonym sa...

Det ligna litt på Tallinn....

Anonym sa...

Ja, det såg bra ut, men ej hadde det ikkje so verst ej heller... på gutetur.

Bjørn Kåre