Søndag 24. august arrangerte God Helse Haram og Nordborg IL tur til Gamlemsveten. Øss 'inviterte' heile familien til å vere med. Og dei som ikkje hadde gyldig grunn stillte. Julianne skulle hjelpe til i barnedåp, Mari skulle i bursdags-selskap (så ho kunne sjølsagt ikkje), Marion måtte vere heime med Mari (og skulle hjelpe Julianne litt..) og Øystein skulle trene sykkel til Birken neste helg. Men øss andre la i vei ...
Når en skal ut på tur må sjølsagt Kvikk Lunsjen vere med .. Her har Anna, Torbjørn og Audun gjort seg klar til et lite måltid.
Og her e målet innan rekkevidde.. Vi ser så vidt atti Torbjørn og Anna der dei spurter oppover siste kneika. Om å gjere å bli før dei vaksne ...
Oppå toppen var det flott utsikt i alle retninger, og i alle fall heimatt.
Her var og masse folk som hadde tatt turen. Vi sjekka antallet før vi gjekk nedover igjen, og då var det ca. 160 som var registrert. Her er fleire øyinga som har tatt turen, bl.a. Sindre Rogne + systra Valborg og mannen (frå Godøya).
Anna fekk låne kameraet, og tok bilde oppmed varden av Kristian, Audun, Aud og Bjørn Kåre. Torbjørn er i bakgrunnen og skal utforske steinura!
En kjempeflott tur - takk for turen alle sammen!