Vi reiste med Apollo, og hadde bestilt 3 leiligheiter på et hotell som heiter "SUMMER DREAM" i Rethymnon. Det viste seg å vere midt i blinken for både unge og gamle! Og dette hotellet kan trygt anbefalast. Berre sjå på bilda:
Her er et bilde frå basseng-området. Vi 'gamle' budde i ei lita leiligheit i 2. etasje (opp trappa under parasollen til høgre). Dei andre hadde kvar si leiligheit i første etasje - Julianne & co. hadde den bak den oppslåtte parasollen.
Om dagane heldt øss tej attmed bassenget - og det var fole kjekt for alle !
Etter kvart blei det anskaffa diverse 'dyr' - Audun lånte litt, og fekk reine krokodillefarmen til slutt!
Mari lærte å symje etter et par dager.... Og midt på dag var det godt å gå til dekka bord under en parasoll !
På kveldstid gjekk vi 'på byen' og kjøpte oss middag - og sjølsagt is til dessert etterpå + et slag med Uno. God ide !

Argaste plassen vi var på var restauranten til Manolis. Der var det fantastisk mat - og ungane fekk spesial-oppvartning: T-skjorter til alle ! Det var like bra som is, sa dei.
Manolis var forresten en artig skrue - mykje større bart enn Bjørn Kåre, i alle fall!

Vi hadde ein dag med overskya (i alle fall litt av dagen). Då rusla vi inn til sentrum. Der var forskjellig å sjå, bl. anna ei sjørøvar-skute. Audun sønst at den var kul.
Vi hadde ein dag med overskya (i alle fall litt av dagen). Då rusla vi inn til sentrum. Der var forskjellig å sjå, bl. anna ei sjørøvar-skute. Audun sønst at den var kul.
Ei veke gjekk fole fort. Vi rakk egentlig ikkje å gjere so fole mykje anna enn å bade og sole oss - og slappe av. Men Kreta var en grei plass - ikkje dyrt heller!
So bestemor og bestefar hadde det i alle fall fole kjekt - og tek gjerne ny tur i lag med samme gjengen en anna gong!