tysdag 12. januar 2010

Barnedåpen til Live

Søndag 10. januar vart Live døypt i Haram Kyrkje. Det var aldeles nydeleg vinterver, bitande kaldt, men sol frå sky-fri himmel.


Her blir Live døypt, og Audun står klar med kluten og skal tørke vatnet av hovudet etterpå.
Presten bruker å løfte opp barna etterpå, slik at alle i kyrkja skal få sjå den ny-døypte. Alle føl godt med..


Her er oppstillings-bilde, av heile familien Høistad Aakre. Og so et av foreldre, søsken og faddera.



Etter kyrkja køyrde vi bort til Framtun, der det var selskap. Her er bilde av den flotte melonen som Majura har skore ut - ho er reine kunstnaren ! Og so kaka med bilde av Live.


Her har vi benka oss rundt matbordet - det var masse godt! Og so et bilde av Svein og Marita (som var fadder) og ho Live !
Takk for ein fin dag og et koseleg selskap!

SKI-DAG

Laurdag 9. januar arrangerte Nordøy IL ski-dag. Ikkje ofte at det ligg sopass med snø at en kan gjere noke sånt. Og då er det fole kjekt at også ver-gudane spelar på lag!
I alle fall var det nokre som var heldig og fekk delta. Berre sjå på bilda som bestefar tok:


Audun med start-nr. 153 i god driv! Så har gjengen komt i mål, og då er det tid for forfriskningar. Kristian bruker å ha litt av kvart i sekken sin..


Her har Mari og Anna sett seg godt til rette i snøbreen og et pølse med brød.


Her er det Audun som får livretten, pølse med brød. Og Torbjørn måtte sjølsagt prøve klatrestativet !
Det var en fole kjekk dag - for ungane i alle fall. Kristian og bestefar var nemleg dårleg skodd og fekk naglebet på tærne (huff) !!

søndag 27. desember 2009

God jul !



Øss vil ynskje alle kjente ei god jul/romjul! Skulle ha laga dette innlegget i forkant av jula, men då gjekk dagane/kveldane so fort, at vi rakk det ikkje.. Og forsyne meg, so he juledagane mæ gått fort. Men no blei det!
Som dokke kan sjå av bildet (motivet på julekortet vårt), so e øss fole glad i (og kry av) barnebarna våre. Dei kvikker i alle fall opp bildet, hadde vør kjedla berre med øss gamle..
Må ha med navna (frå venstre) Torbjørn, Aud med Live på fanget, Audun, Anna (bak), Bjørn Kåre med Petter på fanget, og so Mari.
God jul og godt nyttår alle sammen.

torsdag 17. desember 2009

HARAM KOMMUNE SIN KULTURPRIS 2009

I dag har Bjørn Kåre fått tildelt Haram Kommune sin kulturpris for 2009.
Den høgtidlege tildelinga skjedde under kommunestyremøtet på Ingebrigt Davik huset. Han fekk prisen først og fremst for si lange 'karriere' med teaterarbeidet i ungdomslaget. Han starta i 1972 i spelstykket 'Kålrot er godt', og har sidan den tid vør med i over 20 spelstykke. Men det er ikkje berre på teaterfronten han he vør aktiv. Han var med og starta Brattvåg handball-klubb tidleg på 70-talet, he sykla Trondheim-Oslo 10 ganger, he spela fotball, he vør trener for yngres .. og sånn.
Leiaren i kulturutvalet hadde snakka med ulike medspelarar på teaterfronten, og det blei mykje skryte-ord. Ungdommen synst han var tøff og flink, trass i alderen! Så då so!
Men at prisen var velfortent, er det vel ingen tvil om.


Her har ordførar Bjørn Sandnes overrekt diplom, blomar og en sjekk på kr 15.000,-


Og her blir den flotte diplomen studert..


.. skal nesten tru at det er ein konspirasjon på gang.. Bjørn Kåre og leiaren i kulturutvalet,Kari-Elin Korsnes Hildre, utvekslar kommentarer?


I år vart det for første gong utdelt ein ungdommens kulturpris. Den var det Marit Krogsæter som fekk. Ho er ei allsidig jente som driv med sport, spelar fele og ulike andre instrument, og er aktiv i ungdomslaget på Vatne. Ein flott representant for ungdommen i kommuna!



tysdag 1. desember 2009

Reisa til julestjerna

Julestjerna på Brandalsryggen
Søndag 6. desember skal barnegruppa til U.L. Fram syne "Reisa til julestjerna" på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Første søndag i advent kom julestjerna til oss. Den står og lyser oppe på Brandalsryggen. Den ser kjempeflott ut der den står. Det er Oddvar Rogne (trur eg) som har stått i spissen for dette kreative tiltaket. Saman med gode medhjelparar har dei klart å reise ei 8 meter høg julestjerne.Dei fortener skryt!
Søndag 20. desember skal det vere framsyning på Framtun.
Då kan den som vil kome å sjå "Julestjerna"

onsdag 25. november 2009

BARNEDÅPEN TIL PETTER

På søndag 22. nov. vart han Petter døypt i Haram Kyrkje. Her er nokre bilde frå dåpen i den flotte kyrkja!




Her er frå sjølve dåpen, der Mari fekk æra av å tørke vekk vatnet.. Så er det av Øystein, Marion, Petter, Anna og Mari. Og så av presten, alle fadderane, og søskenbarna..



Etter kyrkja var det middag og kaffi i kantina på Peilo. Her er den fine og gode kaka, med bilde av dåpsbarnet ... og så litt meir kaker og gjester.




Petter og Mari


Her er ungeflokken samla: Aurora, Emma Sofie, Anna, Petter (i stolen), Audun (bak stolen), Torbjørn og Mari. Fin gjeng !




Og så 'den eldre garde', oldefar og oldemor -- og øss sjøle (bestemor og bestefar) !

tysdag 24. november 2009

TAREMAREBY

Fredag den 13. november var det duka for Taremareby-forestilling på ID-huset i Brattvåg. Det var bestemor og firer-banden som tok laust. Alle dei andre var forkava med andre ting, og det kan dei no angre på ... For det var ei fole bra forestilling...




Her er gjengen ombord i ferja, litt spent ..



Før forestillinga hadde vi litt tid. Då var vi sta og såg på utstillingane av Taremareby-ting som barnehagane og skulane i kommuna hadde laga. Trur dei oppdaga kjente ting ... Mykje fint var der i alle fall.




Her sit vi spent og venter på at framsynings skal starte:

Det vart ein kjekk og spennande opplevelse. Alle sat og følgde med på det som føregjekk på sena. Det som var tøffast, var når sverdfisken slost med han krabbe Krølle. Det kulaste var Måne-fisken, synst øss - for han sa berre ja! Og so var der no flott sang og musikk mæ ! So ditta var full klaff!