onsdag 15. september 2010

FERIEMINNE FOCA 2010

Fleire bilde frå den kjekke ferien vår ! Og plassen er Foca, sjølsagt.



Her er vi på Gardermoen. Sat heile natta og venta, sjekka inn kl. 04.30. Bjørn Kåre spela spel på mobilen sin - skaut på fugler med sprettert !!! Trur han greidde alle nivå til slutt.
Så, endeleg framkomne - utanfor hotell Hanedan.


Her er vi på stranda - og mat må vi ha! Og det e kjekt å vere sunn og ete salat, når den ser så innbydande ut som denne !


Her er en gjeng med 'gamlekara' som tar seg en lang svømmetur kvar dag. Dei er 6-8 stykke, og møter opp i 5-tida. Så sit/står dei ei stund på kaia og preikar, før dei legg avgårde utover. Trur dei sym utover i ca en halv time, før dei snur innatt. Og dette er fast, kvar dag. Sprækt !
Det andre bildet er av ei anna bade-nymfe - anna stil, kan du sei!


Og så et gjensyn frå i fjor! Dette er sikkert den maneten som skremde nesten livet av Aud, då ho var 'langt ute' på svømmetur. No hadde den gått på land, og det var like greitt.
Det andre bildet er idyll frå hamna nedanfor hotellet.


Vi sat på terrassen utanfor hotellet og åt frokost kvar morgon. Og kl. 10.15 kom denne karen ruslande forbi ! Han plukka flasker og andre nyttige ting frå søppeldonkane. Synst at han hadde ei fole sjarmerande vogn - pynta med plastikk-blomster ! (Øss blei forresten 'på nikk' etter kvart.)



Her e øss på besøk med Ali og familien hans. Eldste dattera, Neslihan, hadde bursdag denne dagen - og Bjørn Kåre ! Så då vart det kake !


Her er bilde av gubbane - og dei andre døttrene, Alina og Oya. Fine jenter.


Så var det tirsdag, og marked. Der er det alt slag å få kjøpt, og særlig all slags frukt. Nydela go.

.. og løk i lange baner... Så måtte øss kjøpe fine-kjoler til småjentene!


En kveld øss var på vei til sentrum, var det en gjeng som heldt på å sjøsette en båt. Kunne ikkje dy meg, men måtte ta bilde av traktoren. Likte spesielt godt sætet! Ikkje akkurat John Deere...
Det andre bildet er frå sentrum. En kveld var der stor gratis-konsert. Masse folk og høg lyd. Ordføraren og andre prominente folk sat sjølsagt på første rad.

Og en kveld øss va på vei heimatt, så traff øss forsyne mej han Ømer ! Han jobba i Foca 'før i tida', men he no bodd 12 år (?) i Norge. Fole kjekt å treffe han!



.. og så, sjølvaste 'klanen' - Sandra og Sten : Tusen takk for koselig treff. Regner med at dokke tar turen til Foca neste år også ! Stoor klem frå Sunnmøre!
.

tysdag 7. september 2010

FOCA 2010 - FAVORITTPLASSER !

Når vi er på sommerferie - i Foca sjølsagt - så har vi nokre favorittplassar vi brukar å gå på om kveldane, for å ete og sånn. Her er nokre bilde - og plassane er i alfabetisk rekkefølge:
(our favourite places in Foca - presented in alfabetical order)

AKVARYUM Restaurant:


På denne restauranten har vi vør ofte fram gjennom åra. Den han skifta eigarar og navn av og til, men ellers er det gamle kjenningar som jobber der. God mat og god sevice!


Her er en solid porsjon med köfte - veldig godt! På andre bildet, i bakgrunnen, et 'vandrande orkester' - dei spelar og syng. Spesiell musikk, som du må venje deg til....


Her er det feiring på gang - i år var det in med sprutande faklar.

DENIZATI Restaurant:


Nystarta restaurant - veldig bra. Vi har kjent ein av eigarane, Mustafa, i mange år.


Bjørn Kåre nyt middagsmaten - etterpå fekk vi frukt og kake. Nydela.


Her er vi siste kvelden - då var det 'see you next year' !

FOKAI Restaurant:
.

Her er på Fokai - som også skårer godt på vårt barometer!


På denne restauranten jobber en gjeng med friskuser.


Vi var av og til dei siste som gjekk - då var det fram med PCen og sjekke mail og Facebook (ikkje for oss gamle, altså). Vi måtte også vere med både på rydding, legge sammen duker og oppvask.. Rett artigt !

fredag 20. august 2010

SØNDAGSTUR I JULI !

Juli og ferietid. Aakre-gjengen var i Fjørå, og dei ymta frampå at det hadde vør kjekt å fare opp i Verpesdalen for å sjå. Dei blei tatt på ordet, og vi bestemte oss for å ta søndags-turen dit. Veret var framifrå, og Aud reiste innover (Bjørn Kåre var der inne frå før), og møtte opp på Overånes-kaia.
Dit kom Andreas med båt, og så var det full fart over fjorden.




Her det Verpesdalen oppi fjellsida rett forut. Og bak oss er Overånes-kaia. Der var forresten masse folk, bo-bilar og telt.


Her he øss komt i land og venter på at karane skulle belegge båten. Så lesste dei sekkane opp i tau-bana, og så var det berre å starte på turen oppover. Audun var heldig og fekk site på skuldrane til onkel Andreas ! Flott utsikt innover mot Valldalen.


Etter ein liten times gange, så var alle samen komne til gards. Varmt og fint, så det var berre å kaste skjorta! Gutane måtte borti elva og drikke vatn !

Bestefar fortel Torbjørn historier (skrøner) frå 'gamle dager'. Audun føl spent med når bestefar køyrer opp taubana..

Her er gutane utpå Hammaren og nyt utsikta (bratt utfor der, ja!). Så var det sta og grave etter makk - for fiskelykka måtte prøvast.

Så er vi komne fram på vatnet. Der er to små båtar - og det passa bra. Fiskelykka var det berre så som så med.....

Etterpå fekk vi fyr på grillen. Pølser, heimelaga kjøtkaker og kræ som dei drog om morgonen.
Kjempegodt. Audun var svolten og åt med god apetitt.

Her nyt vi maten i Aurhola. Kjempefin pass!



Så var det på tide å starte på heimvegen for dei som skulle til Fjørå. Fann ut at det var best å ha gutane i tau på vegane nedover til sjøen.
Aud vart att til dagen etter. Vi sat utpå Hammaren og følgde med gjengen då dei for over fjorden til Overåneset. Det var ut-røne, så dei fekk vaska seg litt.

Måndagen før vi reiste heim, tok Bjørn Kåre ned det analoge bakke-nettet i dalen... Så tok vi fatt på heimveg over Flåna.

Her er utsikta innover mot Valldalen og Fjørå. Vi gjekk ned til yste Kilsti - den vegen hadde vi ikkje gått før. Temmeleg bratt nedover mot garden der, ja - og masse geiter.
Kjempefin tur - heldig med veret var vi og!