fredag 2. april 2010

Inga Låmi 2010

Laurdag 13. mars var Aud med på Inga Låmi rennet for 3. gang (det var 18. gong rennet var arrangert). Ikkje åleine altså... det var 10 stk. frå Longva/Lepsøya - og over 3500 totalt. Litt kjekt å vere med på et sånt 'profft' arrangement: Der er smøre-team som står til disposisjon før start, og ute i løypa, drikke/frukt/kjeks blir servert på 5 og 10 km, og sjølsagt premie (pins) når vi kjem i mål ! I år var veret kjempeflott i tillegg.
Her er nokre bilde frå turen:


Nokre av gjengen klar for avgang frå hotell Rica Victoria. Så et bilde av gjengen frå John Deere, med omsydde kjeledresser ... stilige typer.


Klar til start.... Vi var ute i god tid, der var nokre hundre framom oss !



Her er vi på drikkestasjonen på 5 km.. Der var korps-musikk og god stemning Så det gjorde ikkje noke at vi måtte gå et stykke i kø .....
Og så på 12 km - Birgit, Aud og Gerd (som gjekk saman gjennom heile løpet, 15 km).

Gler meg allereie til neste år!
.
Og så nokre fine bilde frå tog-turen heimatt på søndag. Nydela ver heilt til vi kom til Ørskogfjellet.. Då var det tjukk snøkave. Og dagen etter (på måndag) var det et førferdela snøfall - og masse veger var stengt.. blant anna Romsdalen.
Så då var vi heldig som var heimattkomne.

Ingen kommentarer: