måndag 5. april 2010

PÅSKA 2010

I år var det heime-påske for oss. Etter ei heseblesande periode fram mot skodespelet onsdagen i påskeveka, var det greitt å ikkje ha noke program for resten av påska. Men, det var flott ver, og det he blitt litt ute-aktiviteter kvar dag!

Vi har som påske-tradisjon å prøve å få til en tur til Rogneholmen. Dersom det er stor fjøre, kan vi gå over 'øyra'. Vi satsa på dette på SKJÆRTORSDAG. Iflg. Haramsnytt så var det fjøre kl. 19.40 - så då starta vi kl. 19.00 frå Knut-garden. Vi melda med div. folk, og fekk med oss en gjeng. Her er nokre av bilda vi tok på turen:

Fjøra var stor, så det gjekk an å gå. Det er ikkje det beste underlaget å gå på: runde, glatte steiner med tare over... men vi la i vei!


Her har vi komt så langt at vi er ferdig med 'tare-feltet', så då var det litt bedre å gå. Så var vi bortom saude-fjøsen som har stått i alle år... men no såg den veldig ver-sliten ut !



Her blir ulike funn studert ... Så et bilde av 'stonga' som he blitt nedrennt av noken.


Så litt svart-bakker og natur.... Før vi gjekk over øyra til Rogne igjen..
Vi kan ikkje bruke for lang tid på Rogneholmen, for tidevatnet venter ikkje .... men i år gjekk det greitt og vi blei i alle fall ikkje fole våte før vi kom til lands.

Så var det LANGFREDAG, og veret var godt brukande til tur! Vi inviterte Sigrun på tur og gjekk uti Gamle-urane.
.

Det var tørt og fint å gå - og øss hadde med appelsin, sida det var Påske!


Måse høyrer med - og stein!


Dessutan er dette havørna sitt rike - og her er den!


På PÅSKEAFTAN blei det også en lufte-tur. Det var nydela ver på førmiddag, men då hadde øss div. som måtte gjerast, så det blei ikkje gått før utpå ettermiddagen. Då skya det over, så det var Brandalsryggen som var målet.
Men øss var ikkje heilt gåen - så øss satsa friskt vidare mot toppen.


Øss kom øss opp - men der oppe var det bitande kaldt... Så det var berre å skrive seg på boka og snu nedatt !


Bjørn Kåre har fotografert masse fuglar denne påska.. Her er en grågås-flokk på vei nordover (til Fjørtofta?)


Her har BK forsert en snøbre på vei oppover - og så utsikta innover til Brattvågen. Der var det lave skyer (nedbør kanskje..)


1. PÅSKEDAG kom Skøye-bygdarane utover. Veret var fortsatt fint - og Sigrun hadde ymta frampå om tur ut i Harams-fjøra. Vi slo til, og blei med.
.

Der ute var det utrulege område med rulle-stein.... (måtte sjølsagt skrive oss inn i boka..)


Utsikta mott Ulla-fyret. (Skal prøve å gå baksida frå Ulla til Haram ein anna gong)


Der var masse grotter og jettegryter over heile området. Og en stor skarve-koloni!
Det var første gongen vi var der ute -men en flott plass... Tek sikte på å ta turen igjen en fineversdag til sommaren - for å nyte solnedgangen!


Så vare påska snart over - men vi rakk en tur opp på Skulen 2. PÅSKEDAG !


Liv og Aud tek ei pause - må no bruke benkane som står der !

Her he øss komt opp på Brandalsryggen. Arvid er sta og studerer 'Julestjerna'. Imponerande størrelse synst han.


Aud og BK tok turen heilt til toppen. I dag var veret heilt flott - ikkje kanldt i alle fall.
Blei litt forkava med å kome oss nedatt ... hadde ikkje sett på klokka på ei stund.. og oppdaga at BK skulle snart vere på Framtun - må øve litt til reprisa på spelstykket på neste søndag !!
.. og då var påska over....

fredag 2. april 2010

Dr. Grues roterende tunge

Då er årets teaterpremière på Framtun overstått!
Eg trur det gjekk bra, med publikum also. Det var ingen som låg att etter framsyninga.
Tusen takk til publikum som møtte opp og ga oss kjempegod tilbakemelding.
Dersom nokon tok bilder på premièra er eg interessert i desse.
Her er link til heimesida til Olav Skarstein , han har lagt ut nokre bilder frå premièra.

Her kjem nokre bilder frå generalprøva på tirsdag som Aud og Julianne har teke:

Dr. Grue pakker urinprøver. Då kom postdama (Sigrid Rogne)


Olga på venteværelset (Ane Forr Austnes). Hugo Hansen, gammal studiekamerat (Rolf Inge)
Hugo hadde prøvd seg som Gynokolog og var heller ikkje so flink tilå sette sprøyte.


Ordføraren (Knut Otterlei) på GU-benken. Ordførarfrua Oveila (Marion H. Bergheim) kjem.

Kom! Eg skal til frisøren! Dr. Grue har fått eit brev.

Hugo vart skremd...kva er det?? I Blomsterfondet, der var det pengar.


Her er Juliann, eit alvorleg tilfelle. Siv, dottera til Dr. Grue, har funne seg mannfolk.

Her er brillene dine... eg fann brillene dine! Pastoren og ordføraren m/frue på besøk.


Pastoren vil sende strikkatruser til Afrika. Olga trur at hjartet har stoppa.

Juliann testar refleksen til Grue. "Ta med deg den skjeleklumpen av en mulvarp"


Grue skjenkar full ordføraren. Han må gøyme han før Oveila kjem.


Oveila har strikka truser til Afrika. Ordførar Nils kjem ramlande ut av skåpa.

No tek eg med meg han Nils heimatt og når eg kjem att skal det verte stakkars deg!!


Sjå kor det blenkjer, sjå kor det skin. Du verkar trøtt frue.... du vil sove, du er i mi makt!


Oveila går til angrep på Hugo. Dr. Grue må svimeslå ordførarfruå


Nils kjem att og hentar Oveila og Olga kjem med 100 automatiske frimerkesleikjarar og ...


Pastoren får 1 million og kan berre reise til Kualalumpur.


Dr. Grue er gal, han er tydelig overarbeidet. Det er ikke noe rart, alene med ansvaret som doktor i alle disse årene.
Det har blitt for mye for ham, men, hva skal vi gjøre?


Dr. Grue avslører at han er falsk lege og Gunnhild avslører kven som har skrive breva .


No stend pastoren og eg og ventar på kva svaret vert?


Pastoren:
Det er ikkje meininga at menneskt skal bottlegge alle sine innerste hemmelegheiter. Vi har alle eit rom vi vil halde for oss sjølv.
Eg òg har det.
Eg òg har mitt å skjule.

Inga Låmi 2010

Laurdag 13. mars var Aud med på Inga Låmi rennet for 3. gang (det var 18. gong rennet var arrangert). Ikkje åleine altså... det var 10 stk. frå Longva/Lepsøya - og over 3500 totalt. Litt kjekt å vere med på et sånt 'profft' arrangement: Der er smøre-team som står til disposisjon før start, og ute i løypa, drikke/frukt/kjeks blir servert på 5 og 10 km, og sjølsagt premie (pins) når vi kjem i mål ! I år var veret kjempeflott i tillegg.
Her er nokre bilde frå turen:


Nokre av gjengen klar for avgang frå hotell Rica Victoria. Så et bilde av gjengen frå John Deere, med omsydde kjeledresser ... stilige typer.


Klar til start.... Vi var ute i god tid, der var nokre hundre framom oss !



Her er vi på drikkestasjonen på 5 km.. Der var korps-musikk og god stemning Så det gjorde ikkje noke at vi måtte gå et stykke i kø .....
Og så på 12 km - Birgit, Aud og Gerd (som gjekk saman gjennom heile løpet, 15 km).

Gler meg allereie til neste år!
.
Og så nokre fine bilde frå tog-turen heimatt på søndag. Nydela ver heilt til vi kom til Ørskogfjellet.. Då var det tjukk snøkave. Og dagen etter (på måndag) var det et førferdela snøfall - og masse veger var stengt.. blant anna Romsdalen.
Så då var vi heldig som var heimattkomne.