onsdag 17. september 2008

GUTE-TUR

Gute-tur til Verpesdalen



Når Aud var på jente-tur måtte eg på gute-tur. Eg og Svein Ove (broder`n) og Jon Inge Verpesesdal (søskenbarn) tok oss ei helg i Verpesdalen.
Kjempever og bilda talar for seg.

Dette er Verpesdalen på sitt beste


Nydeleg god kirsebær


Litt arbeid hadde vi. .

Vinterveden måtte i hus


Litt fisking for å sikre søndagsmiddagen



Søndagsmiddagen er sikra!






tysdag 16. september 2008

JENTE-TUR

Lang-helg i Riga, Latvia, 11-14. september.  Aud og fem kollegaer frå jobb bestemte seg for å ta litt fri og tok seg en liten tur til utlandet! Direkteflyet frå Vigra var fole greitt å slenge seg med på.
Første dagen tok vi sightseeing-buss og fekk sjå mykje av byen - forklaring på kva vi såg fekk vi via øyrepropper og den var på svensk.  Turen tok en time.

Mykje selgera/boder rundt om i gatene. Det var litt små-kaldt, så her studerer Elin, Hilde og Lisbeth votter.  Trur det blei handel mæ!  

Mat måtte øss sjølsagt ha!  Prøvde øss på ulike typer tradisjonell kost - og det var både meir og mindre vellykka.  Rundt bordet: Gerd, Oddhild, Hilde, Aud og Lisbeth.
Trur det var her vi ladda opp til spa-behandlinga....

Det var mange praktfulle kykjer i byen.  Her er den største (og finaste) vi var inne i. Det var den ortodokse katedralen.

Her er den største altertavla inne i katedralen.  Det var egentlig forbudt å ta bilde inne, dessuten føregjekk det ei messe borti en krok.  Det var en prest som sang/messa og gjengen som stod rundt kora.  Fole stemningsfullt.

Her er Hilde, Lisbeth, Oddhild, Elin og Gerd i ein av dei mange fine parkane som var i byen.

Her er gjengen på flyplassen på veg heimatt.  Alle var enig om at dette hadde vør en alle tiders tur... og neste tur blir allereie planlagt !

torsdag 4. september 2008

TUR TIL ULLA OG ULLAFYRET

Søndag 31. august hadde God Helse Haram ny tur, denne gongen i samarbeid med Haramsøy Indrettslag - og turen gjekk til Ulla.  Sidan veret var kjempeflott, måtte øss berre ta øss en tur.
Mari og bestemor køyrde til Ullaholmen, der vi møtte Audun, Torbjørn, Julianne og Kristian -- og så gjekk vi derifrå.


Det var registrering og mat-salg attmed redskapshuset til Ingelsrud, og der hadde øss et opphald!  Her he Audun, Torbjørn og Mari sikra seg sjokoladekake (må lage litt grimaser til ære for fotografen).

Øss måtte sjølsagt en tur bortom fyret.  I bakgrunnen sjekker Mari og Torbjørn om der er noken innom gjæret på fyret! 




Bakom en stein var der plutselig 3 skumle typer - som laga skummel lyd !


Så måtte øss i fjøra og leite krabber -  og det fann øss.  Krabben til Mari var kjekk - heilt til den beit !  Då fekk Torbjørn beskjed om å kaste den på sjøen.



Då øss kom nesten bortatt til bilane, fann øss en enslig høyskafta støvel. Mari synst den var interessant - men Torbjørn var berre opptatt av å kome seg over bru-kanten.  Han greidde det heldigvis ikkje.
Så var vi ferdig med nok en kjekk søndagstur.

Då var det berre å fare heimatt og sjå om han Bjørn Kåre fortsatt var oppå stillaset, og hadde fått snikra noke meir på altanen.  Han var fole forkava og hadde ikkje tida å vere med på tur.

søndag 24. august 2008

SØNDAGSTUR PÅ GAMLEMSVETEN

Søndag 24. august arrangerte God Helse Haram og Nordborg IL tur til Gamlemsveten. Øss 'inviterte' heile familien til å vere med. Og dei som ikkje hadde gyldig grunn stillte. Julianne skulle hjelpe til i barnedåp, Mari skulle i bursdags-selskap (så ho kunne sjølsagt ikkje), Marion måtte vere heime med Mari (og skulle hjelpe Julianne litt..) og Øystein skulle trene sykkel til Birken neste helg. Men øss andre la i vei ...


Når en skal ut på tur må sjølsagt Kvikk Lunsjen vere med .. Her har Anna, Torbjørn og Audun gjort seg klar til et lite måltid.

Det var mykje god bær langsmed veien oppover, og blåbæra gjekk ned på høgkant. Det var forresten Kristian som var trottigast å stoppe for å plukke bær ..

Øss måtte nå prøve benkane som var oppsett - her nyt vi utsikta sørover mot byen.

Her er Åkre-karane i flott stil oppover. Alle misunte Audun som fekk site i vogna oppover dei brattaste bakkane.

Og her e målet innan rekkevidde.. Vi ser så vidt atti Torbjørn og Anna der dei spurter oppover siste kneika.  Om å gjere å bli før dei vaksne ...

Oppå toppen var det flott utsikt i alle retninger, og i alle fall heimatt.

Her var og masse folk som hadde tatt turen. Vi sjekka antallet før vi gjekk nedover igjen, og då var det ca. 160 som var registrert. Her er fleire øyinga som har tatt turen, bl.a. Sindre Rogne + systra Valborg og mannen (frå Godøya).

Anna fekk låne kameraet, og tok bilde oppmed varden av Kristian, Audun, Aud og Bjørn Kåre. Torbjørn er i bakgrunnen og skal utforske steinura!

En kjempeflott tur - takk for turen alle sammen!

laurdag 19. juli 2008

Ferie i Foca

Foca 2008
Foca he vør ferieplassen vår sidan 1990 - og øss he vør der kvart år unntatt 2 gonga sidan det.  So der he øss månge kjente og trivst fole gøtt.  Slepp å lure på kvar øss skal reise hen ....


Her e en gjeng som Bjørn Kåre er 'onkel' til!  Han har blitt kalla 'dayi' i fleire år - kafør e ikkje godt å sei !!  Ergin, Kemal, Yilmas og BK.

Leila og Aud - med fruktfat! Leila og familien henna he øss kjent i månge år. Vanligvis e det ho som inviterer på måltid, men i år var dei med oss ut på restaurant!

Sigrun var med øss i år - og det såg ut som ho fann seg godt til rette i 'omgangskretsen' vår. Her e det ho, Bülent, Marco (hunden) og en so øss ikkje huska navnet til(vesle-broren til Mustafa) som poserer til ære for fotografen. Bülent he øss forresten kjent sia han va 'liten gut' ..
(Bülent:  Thanks for the good times we had in your place - will send you a DVD with copy of the video we took of your engagement seremony !)

BK måtte trå til og 'arbeide' - hjelpe Yilmas å fikse låsa på lokket på en fryser. Lokket hadde blitt 'tatt av vinden' her eine kvelden ..
Sigrun blei spådd av ei av dei lokale 'blomster-damene'.  Spådommen blei fritt oversatt frå tyrkisk til engelsk - og va til stor muntrasjon for oversettarane ..
Her e to av jentene til Leila og Mehmet Ali - Neslihan og Oya  sammen med BK.  Fine tause !

Å her e an Mustafa - endå en ta dei som kalla BK for onkel .. Vi he kjent han 5-6 år og han e en ta Foca's mest perfekte kelnera ..
Mustafa:  Greetings from 'dayi' - next summer he will tell you a story about the chicken and the cat ...

torsdag 1. mai 2008

Fin dag for turfjørå

1. mai var vi en tur ut i fjørå. Det va kjekt. Kosa oss med kjeks og sånn

So kom det ei ørn og den va tøff!
Ho svevde over hauda på øss og lurte på ka mej dreiv med

E det nokken som veit kva dette er?



torsdag 24. januar 2008

1. nyttårsdag og tur opp på Skulen



Den første dagen i 2008 var ein strålande dag. Det måtte feirast!!
Med ein tur opp på Skulen. Torbjørn skulle vere med og det gjekk kjempeflott.




Jipppiiii............snart oppe!!
Påfyll av bensin
"Her va det flatt"
"Posten hekje komt endå"
Her va det tøfft, og ei fantastisk utsikt
Det va full peis nej att
Og so sykla øss heim att

Mange fine moitiv, her ei "Rimrose"

Og her er det skumlaste ta alle vinterdyr som er ute om natta!!
Det skumle "Frostbustedyret
Den som vil møte dette skumle dyret må passe på når det er minusgrader, ikkje snøv og klokka må vere mellom 2 og 3 om ettermiddagen. I tillegg må Torbjørn vere med å vise kvar det er.