tysdag 17. februar 2009

MORSDAG !

På morsdagen var det flott ver! Vi var samla til middag alle samen, og fann ut at vi måtte ha oss en luftetur... Kristian kom med ideen om å fare ut på Harams-neset og sjå på 'riket' hans Bård i nesa. Det måtte skje når det var fjøre sjø, så det passa bra! Vi la i veg - og når vi kom ut, så starta det å snøve. Men, vi var godt kledd, så det var berre frikst!

Her er bilde frå Kyrkja hans Bård. Øystein har sett seg på stolen hans..


Her har gjengen klatra seg til topps !
Bakerst: Marion, Kristian, Bjørn Kåre, Aud, Julianne, Øystein.
Framme: Anna, Audun, Torbjørn, Mari


Guiden vår, Bård Einar, sit på haudet til eine purka hans Bård i neset. Og Øystein står på haudet til den andre. Vi andre heldt oss på flata... Det var vanskeleg nok - is og snø på runde og glatte steiner.


Vi hadde med kaffi og kakao - og det måtte nytast. Her sit vi 'under tak' og ser på kor det mørkner. Og då vi samla sammen utstyr og skulle heimatt - så ringde Linda og inviterte alle sammen på kaffi og kaker uti Hammers ! Så tusen takk Linda for god bevertning!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Mykje fine bilder frå harams-turen. Det var en kjempekjekk tur!!!

Anonym sa...

Kjekk tur, var det ja! :) Fann ein flaskepost mæ! Detta må øss gjere fleire gonga!