tysdag 17. februar 2009

Ut på skitur!!!

Søndag 15. februar arrangerte Haramsøy Idrettslag skidag - og då måtte vi sjølsagt sta og prøve skiene. Anna, Mari og Torbjørn fekk seg ski til jul, og bestemor kjøpte seg nye ski til ho skal på Inga Låmi renn! Så då var det best å prøvekøyre dei!



Her har vi fått registrert oss og fått start nummer! Det var to løyper, ei kort og ei lang, og vi tok den korte!


Her har vi kome vel igjennom løypa, og den bratte bakken ned mot mål (det blei litt knall og fall der, ja !).

Kaffi og kakao og litt 'å bite ti' er standard, og her ser det ut for at alle koser seg.



Her er det bestemor på Åkre og Martine og Mari som nyt det. Og etter kvart var det fleire som kom på besøk til 'kråa vår'.


Her er bilde frå mål-området. Der va det servering av varm saft,
og vi fekk kjøpe sjokolade.


Kafør bruke skistativ når ein kan bruke hendene?

Kjekk dag !!


1 kommentar:

Anonym sa...

Ser ut som dåkke kosa dåkke på skidag. Torbjørn og Audun hadde iallfall hatt det heilt topp. Det var no kjekt på teaterøving også då, men kunne no tenkt mej å prøvd skia ej mæ!!!