tysdag 19. mai 2009

Kva slags fuglar er dette?

Legg i ein kommentar viss du veit det, eller trur du veit det.

fredag 10. april 2009

GRILLFEST I 100-METER SKOGEN !

Laurdags ettermiddagen blei det flott ver, og då frista det til ute-aktiviteter..
Vi har ein 100-meter skog tett attmed huset vårt, og der er det flott å vere. Audun liker godt å brenne bål, så då var det grilling som var tingen.
Her er nokre bilde frå hendinga !


Julianne og Audun ordna med bålet. Audun, Torbjørn og Mari et vente-mat (harde-vaffler som dei fekk med oldemor)
Her har vi fått full fyr på bålet og pølsene på spidd. Anna og Torbjørn griller syri-gras ... kjempegodt i følge dei...
Oldefar og oldemor måtte kome og få pølser, sjølsagt. Her er oversikts-bilde, og som du ser treng ein ikkje å fare så langt for å ha det kjekt !

torsdag 9. april 2009

Påsketur til Verpesdalen

Då er vi på påsketur i Verpesdalen. No er det fyr i ovnen og varmt og godt. Då vi kom opp tidlegare i dag vart vi møtt av ein liten krabat. Ei lita snømus var travelt opptatt med middagsmaten. Ei markmus måtte bøte med livet.

Ellers er det lite snøv her oppe i år. Våren er i anmars, fuglane kvitrar og elva susar.Med på turen er Svein Ove, Jon Inge og Bjørn Kåre.


Her er båten som frakta oss ut i støa. Då va det berre å starte oppstigninga til dalen.
Oppover vegane hadde vinteren sett sine tydelige spor.


Det er ikkje mykje snøv i år, men litt snømøking måtte til.
Isen på Verpesdalsvatnet måtte testast. .Jon Inge måtte sjølvsagt ut på å prøve
........... og det gjekk bra. Då har han lova at det vert isfiske i morgon og middagen er sikra!!!!



















Eg fann ut at det va tryggast på land


Ute på hammaren har vi god utsikt. Bak furå, midt på bilde, ser vi Ospahjellneset. Svein Ove tok bilde av husa gjennom fuglekikkerten. Resultatet vart ganske bra! Norleif Aspehjell sit på trappa med kikkerten.
Vi måtte jobbe for maten og rydde skog. Det er meir att, vi tok ikkje alt!

torsdag 19. mars 2009

TEATERØVING

I går kveld tok ej mej en tur på Framtun og såg på når gjengen hadde øving. Stykket som skal framførast onsdagen i påska i år, er stykket "Mord over ein låg sko". Det er ei kriminalkomedie som er skreven av Knut Nærum (han frå 'Nytt på nytt', ja!). Det var utrula artig, massevis med 'ordspel' .. I år er det ei fin blanding av heilt unge, og nokre 'litt gamlare' skodespelarar. Det såg i alle fall ut som dei hadde det fole kjekt på sena - so berre gle dokke på teater i påska.


Her er det frøken Dausen (piska dausen?) som utfaldar seg...


Her er Ane, Knut og Julianne i ei anna sene.

søndag 15. mars 2009

INGA LÅMI 2009

Laurdag 7. mars blei det 17. Inga Låmi rennet arrangert på Lillehammer. Det er Norges største jente-skirenn, og ca. 5000 jenter i alle aldrer deltek kvart år.
Ein kan velge mellom ei løype på 15 km, og ei på 30 km. Og du kan gå på tid, eller utan tidtaking (som passer best for meg i alle fall !!).
Herifrå har det vør en gjeng på ca. 10 stk. som har delteke dei siste åra. Aud prøvde for første gong i fjor, og då gjekk det bra uten trening (minst 10 år sidan siste gongen eg hadde ski på beina). Så då meldte eg meg på i år mæ - har tross alt trena i år (på skidagen til Haramsøy Idrettslag).
Så den 'korte' løypa på 15 km kom eg i gjennom, og eg trur eg brukte kortare tid i år enn i fjor.
Det var i alle fall en kjekk tur - alle tiders 'jenter' å vere i lag med. Humøret på topp heile tida.
Legg ut nokre bilde frå aktiviteten både ute og inne.



Her er lagbilde ute då vi kom opp til Birkebeiner stadion, og inne i 'varme-teltet' før vi skulle starte.


Oddbjørg, Oddhild og Gerd på startstreken. Tove og Aud ute i løypa.



Her er Tove og Birgit på 5-kilometer stasjonen.
Der fekk vi drikke, og kunne få ny skismurning, om nødvendig.


Her sit Norunn og Lillian og slapper av etter middag. Så har vi Jorunn, Heidi og Gerd.



Så er det Sigrunn, Birgit og Aud, som nyt vi desserten i sofakroken.


Så er vi klart for heimreisa, som gjekk med tog til Åndalsnes. Her er Sigrunn med full oppakning.

tysdag 17. februar 2009

Ut på skitur!!!

Søndag 15. februar arrangerte Haramsøy Idrettslag skidag - og då måtte vi sjølsagt sta og prøve skiene. Anna, Mari og Torbjørn fekk seg ski til jul, og bestemor kjøpte seg nye ski til ho skal på Inga Låmi renn! Så då var det best å prøvekøyre dei!



Her har vi fått registrert oss og fått start nummer! Det var to løyper, ei kort og ei lang, og vi tok den korte!


Her har vi kome vel igjennom løypa, og den bratte bakken ned mot mål (det blei litt knall og fall der, ja !).

Kaffi og kakao og litt 'å bite ti' er standard, og her ser det ut for at alle koser seg.



Her er det bestemor på Åkre og Martine og Mari som nyt det. Og etter kvart var det fleire som kom på besøk til 'kråa vår'.


Her er bilde frå mål-området. Der va det servering av varm saft,
og vi fekk kjøpe sjokolade.


Kafør bruke skistativ når ein kan bruke hendene?

Kjekk dag !!


MORSDAG !

På morsdagen var det flott ver! Vi var samla til middag alle samen, og fann ut at vi måtte ha oss en luftetur... Kristian kom med ideen om å fare ut på Harams-neset og sjå på 'riket' hans Bård i nesa. Det måtte skje når det var fjøre sjø, så det passa bra! Vi la i veg - og når vi kom ut, så starta det å snøve. Men, vi var godt kledd, så det var berre frikst!

Her er bilde frå Kyrkja hans Bård. Øystein har sett seg på stolen hans..


Her har gjengen klatra seg til topps !
Bakerst: Marion, Kristian, Bjørn Kåre, Aud, Julianne, Øystein.
Framme: Anna, Audun, Torbjørn, Mari


Guiden vår, Bård Einar, sit på haudet til eine purka hans Bård i neset. Og Øystein står på haudet til den andre. Vi andre heldt oss på flata... Det var vanskeleg nok - is og snø på runde og glatte steiner.


Vi hadde med kaffi og kakao - og det måtte nytast. Her sit vi 'under tak' og ser på kor det mørkner. Og då vi samla sammen utstyr og skulle heimatt - så ringde Linda og inviterte alle sammen på kaffi og kaker uti Hammers ! Så tusen takk Linda for god bevertning!