søndag 15. mars 2009

INGA LÅMI 2009

Laurdag 7. mars blei det 17. Inga Låmi rennet arrangert på Lillehammer. Det er Norges største jente-skirenn, og ca. 5000 jenter i alle aldrer deltek kvart år.
Ein kan velge mellom ei løype på 15 km, og ei på 30 km. Og du kan gå på tid, eller utan tidtaking (som passer best for meg i alle fall !!).
Herifrå har det vør en gjeng på ca. 10 stk. som har delteke dei siste åra. Aud prøvde for første gong i fjor, og då gjekk det bra uten trening (minst 10 år sidan siste gongen eg hadde ski på beina). Så då meldte eg meg på i år mæ - har tross alt trena i år (på skidagen til Haramsøy Idrettslag).
Så den 'korte' løypa på 15 km kom eg i gjennom, og eg trur eg brukte kortare tid i år enn i fjor.
Det var i alle fall en kjekk tur - alle tiders 'jenter' å vere i lag med. Humøret på topp heile tida.
Legg ut nokre bilde frå aktiviteten både ute og inne.



Her er lagbilde ute då vi kom opp til Birkebeiner stadion, og inne i 'varme-teltet' før vi skulle starte.


Oddbjørg, Oddhild og Gerd på startstreken. Tove og Aud ute i løypa.



Her er Tove og Birgit på 5-kilometer stasjonen.
Der fekk vi drikke, og kunne få ny skismurning, om nødvendig.


Her sit Norunn og Lillian og slapper av etter middag. Så har vi Jorunn, Heidi og Gerd.



Så er det Sigrunn, Birgit og Aud, som nyt vi desserten i sofakroken.


Så er vi klart for heimreisa, som gjekk med tog til Åndalsnes. Her er Sigrunn med full oppakning.

tysdag 17. februar 2009

Ut på skitur!!!

Søndag 15. februar arrangerte Haramsøy Idrettslag skidag - og då måtte vi sjølsagt sta og prøve skiene. Anna, Mari og Torbjørn fekk seg ski til jul, og bestemor kjøpte seg nye ski til ho skal på Inga Låmi renn! Så då var det best å prøvekøyre dei!



Her har vi fått registrert oss og fått start nummer! Det var to løyper, ei kort og ei lang, og vi tok den korte!


Her har vi kome vel igjennom løypa, og den bratte bakken ned mot mål (det blei litt knall og fall der, ja !).

Kaffi og kakao og litt 'å bite ti' er standard, og her ser det ut for at alle koser seg.



Her er det bestemor på Åkre og Martine og Mari som nyt det. Og etter kvart var det fleire som kom på besøk til 'kråa vår'.


Her er bilde frå mål-området. Der va det servering av varm saft,
og vi fekk kjøpe sjokolade.


Kafør bruke skistativ når ein kan bruke hendene?

Kjekk dag !!


MORSDAG !

På morsdagen var det flott ver! Vi var samla til middag alle samen, og fann ut at vi måtte ha oss en luftetur... Kristian kom med ideen om å fare ut på Harams-neset og sjå på 'riket' hans Bård i nesa. Det måtte skje når det var fjøre sjø, så det passa bra! Vi la i veg - og når vi kom ut, så starta det å snøve. Men, vi var godt kledd, så det var berre frikst!

Her er bilde frå Kyrkja hans Bård. Øystein har sett seg på stolen hans..


Her har gjengen klatra seg til topps !
Bakerst: Marion, Kristian, Bjørn Kåre, Aud, Julianne, Øystein.
Framme: Anna, Audun, Torbjørn, Mari


Guiden vår, Bård Einar, sit på haudet til eine purka hans Bård i neset. Og Øystein står på haudet til den andre. Vi andre heldt oss på flata... Det var vanskeleg nok - is og snø på runde og glatte steiner.


Vi hadde med kaffi og kakao - og det måtte nytast. Her sit vi 'under tak' og ser på kor det mørkner. Og då vi samla sammen utstyr og skulle heimatt - så ringde Linda og inviterte alle sammen på kaffi og kaker uti Hammers ! Så tusen takk Linda for god bevertning!

laurdag 27. desember 2008

God Jul til alle!

God Jul og Godt Nytt År!
Det va fole artig å ta julekortbilde



onsdag 3. desember 2008

PUTTI PLUTTI POTT

Laurdag 29. november inviterte bestemor til by-tur for å sjå teaterforestillinga Putti Plutti Pott.
Det er Jugend-teateret som set opp dette stykket før jul - og det har dei gjort i mange år.

Anna, Mari, Torbjørn, Audun, Julianne og Marion - og bestemor var så heldige å få tak i billettar, og la i vei på hurtigbåten kl. 09.30 !


Her er Mari og Torbjørn i 'baksetet' og Malin og Oda - som også skulle på teater i lag med bestemora til Malin.

Audun og Anna gledde seg også til å sjå teater.


Så er vi framme i byen - men det var surt og kaldt, så vi måtte kome oss under tak.


Her er vi på plass i Grimmergården, litt av kvart å kike på her ..


Heldigvis fann vi en leikebil - her er det Audun som køyrer.


Dei andre måtte også prøve bilen...


.. blei etterkvart litt husvarm, og 'brukte' heile bilen til klatring og sånn..


Så var det matpause - lystig gjeng dette !



På Kremmergården traff vi sjølvaste julenissen. Ungane måtte stille seg i kø for å få en alvorsprat.


Her får han vite kva Anna og Mari ynskjer seg - og så fekk dei ei lita gåve ..


Her fortel Torbjørn om fir-hjulingen han ønska seg ...


So var øss endela på plass på Arbeideren og gledde oss til at forestillinga skulle starte.
Både store og små hadde ei kjekk stund.


Her er slutt-sena. Fole mange nissar å halde styr på.....


søndag 16. november 2008

Flott konsert på Nordøy Grendahus

I dag var det ein flott konsert på Nordøy Grendahus !
Flem Skulekorps hadde besøk av Lepsøy Skulekorps. Dei har felles dirigent, Slavi, så då var det duka for mykje god og variert musikk. Dei spela bl. anna "Smoke on the water" på ein heilt framifrå måte - og når dei slo til med "Haleluja" av Leonard Cochen - då fekk øss gåsehud !
Og tradisjonen tru, så var det masse gode kaker å få kjøpt!!


Når begge korpsa spelte var det skikkeleg trøkk.

Aspirantane frå begge korpsa fekk prøve seg, og det haurest flott ut.

Gitarkameratane Eivind, Torbjørn og Eirik var skaptisk når dei skulle få hjelp av en "gammal rockar"

søndag 21. september 2008

FEIRINGER !

Den 21. september he øss mange hendinger å feire her i familien:


Mari var 5 år i dag.  Ho hadde barneselskap uti gapahuken.  
Der var det 13 unga (ca.) og nokre foreldre- og ej trur jammen at dei fekk besøk av et skog-troll mæ!
Etter barneselskapet var det selskap heime hos bestemor og bestefar.  Dei har nemla bryllupsdag i dag - vør gift i 34 år (til no!)
Og so he Marion og Øystein mæ bryllupsdag i dag - so då var det feiring for dei mæ!
Øss var nesten fulltallig - berre Kristian mangla.  Han hadde lovlig forfall - omgangssykje!